torsdag 4. desember 2008

MATTIAS ORHEIM - DEN BLINDE SJÅAREN



Av Nils-Petter Enstad
I år er det 100 år sidan forkynnaren og songdiktaren Mattias Orheim gav ut den kan hende mest kjende av songane sine: "Ved Jesu føter ei stille stund". Tidlegare i år var det 50 år sidan han døydde. Frå han vart omvend i 1900 og til han døydde i 1958 skreiv han meir enn eit tusen songtekstar, komponerte eit par hundre melodiar og gav ut 14 bøker.

Mattias Orheim var frå Stårheim i Nordfjord, i Sogn og Fjordane. Han vart fødd i 1884, og i pinsehelga 1900 vart han omvend under eit stemne der Ludvig Hope og Tormod Rettedal – båe kjende, kristne leiarar på 1900-talet – forkynde. Alt dagen etter skreiv han sin første salmetekst: "Eg fann min Gud i ungdoms vår".

DEBUT
Berre tre år seinare, som 19-åring, gav han ut si første diktsamling. Den fekk tittelen "Heimlokk". Her finn ein mellom anna teksten til det som seinare vart ein av Orheim sine mest kjende songar: "Kor mykje stort, kor mykje gildt". I sin noverande form vart songen publisert i 1908. Tonen er ein amerikansk melodi frå 1894. Inspirasjonen til denne teksten fekk Orheim då han sat ved sjukesenga til ein jamnaldrande ven, Johan Opheim. Johan vart ein kristen før han døydde, og kombinasjonen av bakgrunnshisoria, teksta og den fengande melodien gjorde at songen fekk – og har enno – appell. Det er her ein finn strofa "Det venaste syn som eg får sjå, er unge på kne for Gud", eit sitat som og står på Orheim sin gravstein. Sjølv sa Orheim om songen at den var "eit barneverk gjort av ein 19-åring, som ikkje evna det betre, men som likevel må lokka heim medan det er dag".

MARTA OG MARIA
I 1908 publiserte han den av songane hans som truleg er best kjend, og som enno vert mykje brukt i møter og gudstenester: "Ved Jesu føter ei stille stund". Teksten er inspirert av forteljinga om søstrene Marta og Maria (Luk 10, 38 – 42), om korleis Marta prioriterte det praktiske arbeidet, medan "Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans" (vers 39). Tonen er ein norsk folkemelodi.
Mattias Orheim var berre 24 år då songen vart til, men hadde alt i fem år vore forkynnar i det dåverande Vestlandske Indremisjonsforbund si teneste. Han hadde og gifta seg – kona hans heitte Maria – og augesjukdomen som skulle gjere han heilt blind hadde begynt å gjere seg gjeldande.
Etter hvert som synet vart meir og meir svekka, vart han meir og meir avhengig av Maria. Ho vart auga hans, og var med han på alle reisene hans. Lyrikaren Åse Marie Nesse har fortalt om korleis det var å sjå og høyre Mattias Orheim som forkynnar: "Det var ei slags høgtid berre å sjå han … Han tala som ingen annan vi hadde høyrt … Orda steig og fall i mjuke rytmiske klangar … Sanneleg song han ikkje også. Det var så visst ingen dommedagsskremsler på bedehuset den kvelden, berre lyse, lovande ord: Kor mykje stort, kor mykje gildt, Kor mykje herlegdom …". Det har vore sagt om Mattias Orheim at han kristna både nynorsken og fela for bedehusfolket. Både fela hans og det kjende glassorgelet er i dag på eit museum i heimbygda hans.
I og med at Orheim var vaksen innan han vart heilt blind, klarte han heile livet å bruke skrivemaskin, og skreiv alle songane sine ned sjølv. Den siste boka hans kom i 1954, då han var 70 år.
Maria og Mattias Orheim fekk ingen born saman, og då dei vart eldre, bad dei båe til Gud at dei måtte få fara herfrå i lag, så ingen av dei vart igjen åleine. Slik vart det og. Dei døydde med få timers mellomrom ein aprildag i 1958.